Nils Jakobsen Eiknæs
1854 - 1880

Nils var frå Jakobsluten, sjette generasjon.

Dette er den den første, etter det eg har funne ut, som utvandra
frå Eknes til Amerika.

Eg finn han først i Digitalarkivet.
Sjå her.

Han har reist frå Bergen 30. april 1879.
Sidan han døydde i 1880, berre eit år etter at han reiste,
er det lite å finne om han i Amerika.
Men litt fann eg.

Reisa frå Bergen gjekk mest truleg til Hull eller Newcastle.

Derifrå med tog til Liverpool.
Derifrå med båt til Amerika.

På sidene til "Find My Past" startar listene i 1890.
Difor finn eg han ikkje der.

Han reiste med S/S City Of Berlin, som var eigd av Inman Line.

Dei forlet Liverpool 8. - 9. eller 10. mai 1879 og ankom New York
19. mai 1879.
På vegen over var dei innom Queenstown i Irland.

I New York kom han i land på Castle Garden som den gongen var motaksplass for emigrantar.
Denne plassen var i virksomhet fram til 1892, då Ellis Island overtok.

Problemet her er at mesteparten av emigrantlistene kom vekk i ein brann under flyttinga til Ellis Island.
Men nokre lister vart bjerga, så eg fann han til slutt.

Der står han oppført som "Nils Ekins"
Sjå her.

Her er pasasjerlista.
Det er ikkje så godt å sjå, men han står litt under midten på nederste halvdel.

Då han døydde berre eit år etter at han kom til Amerika,
stoppar sporet her.

 

Reisa har starta
       Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
       Eknesvågen

Vågen i Bergen
       Vågen i Bergen

Havna i Liverpool
       Havna i Liverpool

Båten han reiste med
      City Of Berlin

Castle Garden i New York
       Castle Garden i New York