Lars Johannesen Eknes
1858 - 1920
Lars var fråLaupen,
niende generasjon.
Denne personen finn eg svært få opplysningar om.
Eg fann han først i Digitalarkivet.
Sjå her
Han reiste 24 februar 1892 frå Bergen.
Saman med han reisteRasmus
Nilsen Eknes fråRasmusluten.
Og Anders Johannesen frå Eidsheim, f. 1865.
Reisa frå Bergen gjekk mest truleg til Hull eller Newcastle.
Derifrå med tog til Liverpool.
Derifrå med båt til Amerika.
Han reiste med ein båt med namnet Texas, eigd av Dominion Linjen.
Eg finn han ikkje i England, for der startar listene i 1890.
Frå Liverpool gjekk reisa til Baltimore.
Der står han oppført som Lars Johansen.
Sjå her.
Her er passasjerlista.
Han står på linje 28 på lista.
Askild Eknes skriv at han dreiv som farmar der borte.
Han var gift og hadde åtte born.
Eg finn ingenting om han i folketeljingar eller andre plassar.