Rasmus Nilsen Eknæs
1860 - 1900
 

Rasmus var frå Rasmusluten, tiende generasjon.

Dette fann eg i digitalarkivet.
Sjå her

Han reiste 24 februar 1882 frå Bergen.
Saman med han reiste Lars Johanessen Eknes frå Laupen.
Og Anders Johannesen frå Eidsheim, f. 1865.

Reisa frå Bergen gjekk mest truleg til Hull eller Newcastle.

Derifrå med tog til Liverpool.

Derifrå med båt til Amerika.

Han reiste med ein båt med namnet Texas, eigd av Dominion Linjen.

Eg finn han ikkje i England, for der startar listene i 1890.

Frå Liverpool gjekk reisa til Baltimore.
Der står han oppført som Rasmus Nilson.
Sjå her.

Her er passasjerlista.
Han står på linje 27 på lista.

Eg finn og at han gifta seg 24 november 1884 med Guri Johannesdtr.
f. 1855.
Han gifte seg på Haus i Hordaland.
Sjå her.

Han har då reist tilbakars til Noreg.

Om han reiste bortatt etter han var gift, finn eg ingenting om.

Eg finn han heller ikkje i folketeljingar der borte, så her sluttar sporet.






 

 

 

Reisa har starta
  Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
  Eknesvågen

Vågen i Bergen
   Vågen i Bergen

Havna i Liverpool
   Havna i Liverpool

Baltimore Harbour 1900
   Baltimore Harbour 1900