Ingvald Nilsen Eknes
1869 - 1900

Ingvald var frå Rasmusluten.

Dette fann eg i Digitalarkivet.
Sjå her.

Han reiste frå Bergen 04. mars 1892.

Eg finn ikkje kva båt han reiste med frå Bergen.
han har tatt båten til Hull eller Newcastle.
Derifrå vidare med tog.

Eg fann han att i ein database i England.
Der står han oppført som J. Eknas.
Sjå her.
Som de ser er det ikkje lett å finne att folk.
Det er i alle fall sikkert at dette er rett person for det
stemmer med fødselsår og dato for avreise.

Han reiser med ein båt som heiter Numidian og er eigd av
Allan Line.
Dette stemmer og med dei gamle rutetabellane som eg finn på internett.
Båten går altså frå Liverpool 10 mars 1892.
Eg fann den originale passasjerlista.
På same lista står ein Sivert Eknes.
Det er Sævre Eknes frå Myro.
Så her.

Eg fann han og i ein database i Canada.
Der var berre ein dårleg kopi av passasjerlista
frå Liverpool, så
den tek eg ikkje med.
Han var framme i Halifax på Nova Scotia, Canada 20. mars 1892.
I denne databasen står han oppført som I. Ednas.
Sjå her.

Eg finn ikkje meir om han nokon plass.

 

 

Reisa har starta
Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
Eknesvågen

Vågen i Bergen
Vågen i Bergen

Princes Dock, Hull
Princes Dock, Hull

Numidian
Numidian
 


Halifax