Sævre Eknæs
1882 - 1962

I Amerika skreiv han seg for Sivert Ekness.

Det første eg finn om han er i digitalarkivet.
Sjå her.

Der står han oppført som Severin Ingvaldsen Eknes.
Han reiste 14. mars 1900 med Stjerne PP.

Eg finn ikkje noko om kva båt han reiste med frå Bergen.

Eg finn han att i England.
Der står han oppført som Seve? I Ekness.
Sjå her.

Han reiser frå Liverpool 21. mars 1900.
Han er då ugift.
Han reiste med eit skip som heitte Germanic og tilhøyrde White Star Line.
Eg fann den originale passasjerlista.
Sjå her.

Så finn eg han i New York.
Han ankom der 21. mars 1900.
Der står han oppført som Severin Eknaer.
Sjå her.

På den original passasjerlista står det at målet for reisa er
Lincoln South Dakota.
Det står og at ein Anders Toft har betalt billetten.
Det er Anders han skal vere hjå der borte.
Det står og at han skal drive som farmer.
Sjå her.

Kona til Sævre, Brita ivarsdtr. Eidsnes reiste fyrste gongen til Amrika i
1902.
Då reiste ho i lag med mora og seks sysken.
Ho var då 17 år gamal.
Eg finn dei i digitalarkivet.
Sjå her.

Dei reiser frå Bergen 29. mai 1902 til Hull eller Newcastle.
Eg finn ingenting om kva båt dei reiste med frå Bergen.
Dei måtte i alle fall ta tog til Liverpool.
Der finn eg dei att.
Sjå her.

Der i frå tok dei båten Commonwealth, eigd av Dominion Line
til Boston.
Dei ankom Boston 13. juni 1902.
Sjå her.

Eg fann original passasjerliste her og.
Ut i frå denne lista kan ein sjå at broren til Brita, Erik Johan, betalar billettane til alla saman, og det er han dei reiser til.
Sjå her.

Då finn eg ingen att før i folketeljinga i 1910.
Då er dei gifte, for dei står oppført med to barn.
Idor, 3 år gamal
Signa, 2 år gamal
No skriv dei seg for Sivert og Bertha Ekness.
Sjå her.

Så finn eg dei att i 1914.
Då var dei på besøk til Noreg.
Eg finn dei i digitalarkivet då dei reiste bort att.
Ut i frå den budde dei då i Nord Dakota, Skermo.
Dei reiste 18. mars 1914, står det i digitalarkivet.
Dette stemmer nok ikkje, for båten dei reiste med, Bergensfjord
gjekk frå Stavanger den 27. mars.
Dette fann eg i bordercrossing listene for grensekontrollen mellom Canada og USA.
Denne lista kjem lenger nede.
Sjå her.

Dei gjekk i land i Halifax, Nova Scotia, Canada for der finn eg dei att i ein database i Canada.
Ser står han oppført som Sivert Ehnes.
Sjå her og sjå her.

Korleis dei kom seg vidare veit eg ikkje, men det er mogeleg
dei tok båt.

Her er i alle fall bordercrossing lista.
Sjå her.

Det neste eg finn er folketeljingane i 1915.
Då budde dei i Elkhorn, North Dacota.
Der står han oppført som Severt Ekness.
Sjå her og her.

I 1918 finn eg han registrert ang. første verdenskrig.
Kortet var dårleg og mest uleseleg, så eg tok med ein blankt skjema og.
Legg merke til at dette kortet han Sævre si underskrift.
Originalt kort.
Blankt skjema.

Så er det folketeljingar i 1920.
Dei bur på same plassen.
No har dei leigd inn ein mann som bur hjå dei.
Sjå her og her.

Så finn eg dei i folketeljingane i 1925.
Dei bur på same plassen.
Sjå her og her.

Så finn eg dei att i folketeljingane i 1930.
Dette er dei siste teljingane eg finn.
Dei bur på same plassen.
Sjå her og her.

Så finn eg dei att i nokre passasjerlister i 1952.
Då har dei vore ein tur heimatt til "Gamlelandet" att.
Sjå her og her.

Passasjerlister 1955.
Dei var ein tur til Noreg att.
Dette er det siste eg finn om dei.
Sjå her og her.

 

 

Reisa har starta
Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
Eknesvågen

Vågen i Bergen
Vågen i Bergen

Liverpool
Liverpool

Germanic
SS Germanic

COMMONWEALTH
SS Commonwealth

Boston
Boston

Bergensfjord1
Bergensfjord

Halifax
Halifax

Halifax
Stavangerfjord 1952

Halifax
Farmen til Sævre Eknes

Halifax
Tresking. Sævre står i midten