Berge Johannesen Eknæs
1874 - 1925

Berge var frå Eikena.

Eg finn han først i Digitalarkivet.
Der står det at han reiste med Cunard Line.
Han skulle til Beresford, Sør Dakota.
Sjå her.

Han reiste frå Bergen 29. juli 1903 med båt til Newcastle,
tog der i frå til Liverpool.
Han står i listene som B. Ekness.
Sjå her.

Han reiste frå Liverpool 01. august 1903.
Det står at han ikkje var gift, men det er no feil.

Båten han reiste med heitte Etruria.
Den var eigd av Cunard Line.

Eg fann han att i New York.
Han ankom New York 09. august 1903.
Sjå her.

Ut frå denne lista kan ein sjå at han betalte billetten sin sjølv, og
at han reiste til svogeren sin som var Sævre Eknes.
Han budde den gongen i Beresford Sør Dakota.
Sævre reiste bort i 1900.

I 1907 kom han heim att.
I databasen i New York står han oppført som Barge Ekness.
Sjå her.

Her er passasjerlista.
Sjå her.

Båten han reiste heimatt med heitte Lusitania.
Den var og eigd av Cunard Line.

Som de ser kom han til Liverpool den 20. desember 1907.
Med litt flaks kom han nok akkurat heim att til jul.

På alle lister eg fann står han oppført som arbeidar.
Kva han gjorde der borte veit eg ikkje.
Det er mogeleg at han arbeidde på farmen til Sævre når det trongst.
Kanskje på andre farmar i nærleiken og.
 

 

Reisa har starta
Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
Eknesvågen

Vågen i Bergen
Vågen i Bergen

Central Station Newcastle
Central Station Newcastle

Liverpool harbour
Liverpool Harbour

Ellis Island New York
Ellis Island New York

Etruria
Etruria

Lusitania i liverpool
Lusitania i liverpool