Berta Marie Olsdtr. Eknæs
1871/død

Berta var frå Utføret.
Ho var gift med Knut Nilsen Eknæs.
Han reiste i 1902.
Resten av familien reiser etter i 1903
Berta er dottera til Ole Tommessen, Ytre Eidsnes.

Når Berta reiste tok ho borna med seg:
1. Nils Knutsen Eknæs, f. 1893.
2. Inga Olina Knutsdtr. Eknæs, f. 1897.
3. Erling Knutsen Eknes, f. 1899.

Det er naturleg å tru at dei starta reisa frå Eknesvågen.

Eg finn det første sporet i Digitalarkivet.
Sjå her.

Der står det at mannen er i Amerika.

Båten dei reiste med gjekk frå Kristiania.
Altså ser det ut til at dei tok båt frå Bergen til Kristiania med
avreise frå Bergen den 09 februar 1909.

Båten dei reiste med frå Kristiania heitte Oscar II og var eigd av
Scandinavian America Line.

Dei kom ut for uver, og måtte søke nødhavn på Azorene, St Michaels.
Dette fordi styrbord motor stoppa.
Dei kom til Azorene 18. februar 1903.
Her måtte dei vente i over tre veker før dei kom seg vidare.
Antakelegvis budde dei ombord på Oscar ll medan dei venta.

13. mars 1903 gjekk dei ombord i Grosser Kurfurst.
Sjå her.

Oscar ll gjekk til Glasgow for reperasjon.

Dei kom til New York 21 mars 1903.
Omlag ein månad forsenka.
Sjå her.

Lista er litt vanskeleg å lese, men du finn namna deira
nederst på sida.

Meir finn eg ikkje om dei.
 

 

Reisa har starta
Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
Eknesvågen

Vågen i Bergen
Vågen i Bergen

Kristiania ca. 1905
Kristiania ca. 1905

Oscar ll
Oscar ll

Grosser Kurfurst
Grosser Kurfurst