Johanna Nilsdtr. Eknæs
1882 -

Johanna var frå Nora Røysne.

Det første eg finn om henner er frå digitalarkivet.
Ho reiste frå Bergen 27. oktober 1905.
Sjå her.

Ho reiste truleg frå Bergen til Newcastle, og tog der i frå til Liverpool.

Der finn eg ho i nokre passasjerlister i Liverpool.
Ho står oppført der som J. Elenes.
Sjå her.

Det er nok ho, for resten stemmer.

Når ein ser på passasjerlista, ser ein at det er lett å lese feil for ein utlending.
Det er tydeleg at det er "Eknes".
Sjå her.

Frå Liverpool reiser ho 01. november 1905.
Ho reiser med ein båt som heitte Baltic.
Det var plass til 425 førsteklasse passasjerar,
450 anreklassepassasjerar og 2000 tredjeklassepassasjerar.
Så det var ei stor skute.

Så finn eg ho att i passasjerlister i New York.
Ho ankom der 10. november 1905.
Der står ho oppført som Johanna Nilsen Ekne.
Sjå her.

I passasjerlista ser ein tydeleg at det står Eknes.
Det er litt vanskeleg å tyde skrifta, men det ser ut til at
ho skal til Sør Dakota.
Sjå her.

I folketeljingane i 1910 er ho gift med Olai Gudmundsen Ytre Eidsnes.
Ho skriv seg då for Hanna Eidsnes.
Olai står oppført som farmar og dei eigde eigen farm.
Dei budde då i Pony Gulch, Wells, North Dakota.

Sjå her.

Når ein ser på lista står dei oppført med to born:
Gilbert 1 år og Anna 1,5 år.
Ein ser og at broren til Johanna er komen over.
Han kom i 1909, og er dreng på farmen.
Han skreiv seg for Olai N. Ekness.
Sjå her.

Så finn eg Olai registrert for første verdenskrig.
Der skriv han seg for Olai Eidsness.
Sjå her.

Fann og registreringskortet.
Legg merke til underskrifta.
Han har skreve under sjølv.
Sjå her.

Dette er det siste eg finn om dei.


 

 

 

Reisa har starta
Reisa startar

Kaien i Eknesvågen 1913
Eknesvågen

Vågen i Bergen
Vågen i Bergen

Central Station Newcastle
Central Station Newcastle

Ved kai i Liverpool
Baltic 2 ved kai i Liverpool

New York Brocklyn Brigde 1900
New York Brocklyn Brigde omlag 1900