Litt om utvandringa til Amerika.
Desse opplysningane har eg funne på internett,
i forskjellige bøker og leksikon.
Fritt fortalt av Arild Myhr.


Til bake til index

 

Før eg begynner på historia om overfarten til Amerika, vil eg nemne at personar frå Eknes har utvandra til andre land og. Den historia får eg ta sidan.

Utover 1800- talet kunne ein jamnt, om vårane sjå store flokkar med vadmels kledde bygdefolk, som kom med kister og kassar til kystbyane.
Dei fleste utvandrarane reiste på denne årstida. Overfarta var lang, og det var mykje som skulle ordnast på den nye heimstaden før vinteren. Då var det godt å ha heile sumaren føre seg.
Dei fleste utvandrarane reiste i månadane april, mai og juni.

Utover på 1830 - 40 talet var det vanleg at ein reiste frå utanlandske hamner. Derifrå reiste ein med lasteskip som gjekk regelmessig til Amerika, og som kunne ta med nokre passasjerar. Dette kunne ein spara nokre spesidalar på.
Eksempel på nokre slike hamner er Gøteborg, Hamburg i Tyskland og Le Havre i Frankrike. Den sist nemnde var på den tida den viktigaste utskipningshamna for utvandrarar.
Dei fleste av desse gjekk i land i New Orleans, på veg til nybyggjarstrøk i Texas.
Av dei norske utvandrarane som kom til Amerika i åra før 1850, omlag 18000, kom omlag 75% direkte frå Noreg. Dei andre 25%, reiste frå havner i andre europeiske land.
Ofte måtte dei vente i fleire veker på å få kjøpt seg billett. Dette vart ofte både kostbart og slitsamt.
Årsaka til at dei reiste til utanlandske hamnar, var at det i byrjinga var svært vanskeleg, og få` skip som gjekk direkte frå Noreg.
Dette ordna seg litt etter litt, og då valgte dei fleste og reise her ifrå. 

Ein billett til Amerika var svært dyr for dei fleste, sjølv om prisane vart pressa med tida.
Billettar til Minnesota i 1879 for to vaksne og fem born kom på omlag 1207 kroner. Å samle i hop ein slik sum tok fleire år for nokon. For andre var det umogeleg. Tjenestefolk og husmenn høyrde ofte til dei siste. Sjølv den billegaste enkelt billetten, som i 1867, kosta 14 spesidaler, eller ca. 70 kroner, kunne ta fleire år å spare for dei.
Dei bøndene som eigde gardane sine sjølve, kunne selgje desse, men det vart ikkje alltid nok.
Det at billettane var så dyre, førte til at det ofte var folk som sat "godt i det" som utgjorde den tidlege utvandringa.

I 1890- åra, kom ein markert nedgang i billett-prisane. Då var det fleire frå husmann- og arbeidarklassen som emigrerte enn tidlegare.
Dette og dei såkalla" prepaid tickets" utgjorde eit viktig bidrag til at dei fattigaste i Noreg og fekk ein mogelegheit til å reise.

(Ein "prepaid ticket" var ein billett som vart kjøpt i Amerika av ein tidlegare utvandrar, og sendt til Noreg, til f. eks. kona og borna heime, eller til eit såkalla "gifteemne". Desse reiste mest utan unntak frå Kristiania.)

Det å skysse emigrantar over Atlanteren vart etter kvart til stor betydning for norsk skipsfart. Særleg etter at den britiske "Navigation Act" vart oppheva i 1849. Då kunne dei norske skipa føre trelast til Storbritania på heimveg att. Slik kunne skipperen vere rimeleg sikker på å få last begge veger.
Alt i 1850 var det Noreg som hadde flest "utanlandske" skipsanløp til Quebec.
Quebec låg svært lagleg til. Dette fordi dei fleste norske emigrantar på den tida skulle til Illinois, Wisconsin, Iowa eller Minnesota

Etter 1845 reiste dei fleste norske utvandrarar via New York. Først i 1850 ankom dei første til Quebec. Av totalt 44000 norske utvandrarar, ankom over 39500 Quebec med norske seglskip.
Frå omlag 1865 gjekk ein meir og meir over til damp. Den utviklinga var med på å setje fart i utvandringa.
Utanlandske dampskipsselskap investerte i dampskip, og tok opp konkuransen med dei norske seglskutene.
Reisetida vart kortare, dei hadde faste avgangar, og dei tok med kosthald ombord i billett-prisen.
Frå då av klarte ikkje norske reiarar å følgje med. Frå omlag 1870 til 1910 reiste mest alle norske utvandrarar med utanlandske dampskipsselskap. Ein kan nemna: Amerikanske White Star Line, Allan Line, Inman Line og American Line frå Liverpool til New York. Ein kan og nemna den svenske Thingvalla-Linien som gjekk frå Gøteborg.
Noreg fekk ikkje sitt eige reiarlag før i slutten av utvandringstida. Då vart Den Norske Amerikalinje starta i 1910.

Ein kan her nemne at Norsk-Amerikansk Dampskips-selskap vart grunnlagt i Bergen i 1869. Dette selskapet bygde to store emigrantskip, "St. Olaf" og "Kong Sverre", som kunne ta 500 og 800 passasjerar. Dessutan kontraherte dei tre dampskip til.
Meininga var å gjere Bergen til hovudhamn for utvandringa frå Skandinavia. I 1873 gjorde dette selskapet 13 turar, Bergen New York. Tidspunktet var uheldig, for dette året gjekk utvandringa tilbake. Skipa fekk etter kvart færre passasjerar og mindre gods.
Då Kong Sverre forliste i 1875, fekk dei store økonomiske problem. Den norske dampskipsruta måtte leggjast ned.

Så, etter 1875 reiste omtrent alle norske utvandrarar med utanlandske skip. Alle måtte til andre europeiske land for utskiping.
Mange norske reiste til Hull eller Shields, som Newcastle heitte den gongen. Derifrå reiste dei med tog til Liverpool, for så å krysse Atlanteren derifrå med Cunard Line sine båter. To andre selskap - Donaldson og Agnus - hadde utreise fra Glasgow i Skottland, mens White Star Line arrangerte mange utreiser frå Southampton.
Det einaste selskapet som gjorde regelmessig bruk av norske havner (Kristiania/Oslo og Kristiansand) var Thingvalla, starta av danskane i 1880. Thingvalla-linja vart raskt populær i Norge, spesielt blant utvandrarar frå Austlandet og Sørlandet. Nesten alle selskapa tok sine passasjerar til New York, Ellis Island fra 1892.
Mange tusen norske sjøfolk hadde sine eigne måtar å utvandre på, ved at dei forlet sine skip når dei låg i amerikanske og kanadiske havner. Navna på desse sjøfolka finns ikkje på utvandrerlistene og heller ikke i amerikanske og kanadiske lister for ankomne passasjerar. Men listene over sjømenn inneheldt informasjon om desse "avhopparane", både namnet deira, fødselsdato, fødestad og kvar og kortid dei "hoppa av". Slike lister er opp gjennom åra ført av innrulleringssjefar og mønstringssjefar. Dei fleste av desse opplysningane  finns no på dei norske statsarkiva.

Etter at emigrantane hadde bestemt seg for å reise, måtte grundige førebuingar gjerast. Alt skulle selgjast. Garden med buskap og redskap, samt anna lausøyre. Alt gjekk på auksjon.
Så skulle proviant kjøpast inn. Det måtte vere holdbar mat som salt kjøt og sild, spekeflesk, gryn, erter, poteter, flatbrød, mjøl til graut, smør og ost, kansje surmjølk og øl og. Dei måtte dessutan ha skinnfellar og tepper, for dei måtte halde seg med sengety sjølve ombord. Og så måtte dei ha kokekar til å koke mat i. Det einaste dei fekk ombort var vatn og ved til å koke med.

Utvandrarane skulle leve og bu ombord i skipet i minst to månader. Nokre gonger tre. Dei skulle lage seg mat og ete den med kistene sine som bord og stol. Dei skulle kvile og sove i halmen på mellomdekket. Dei måtte og sjå til å få seg frisk luft og litt mosjon oppe på dekk.
Tilværet skulle organiserast i eit flytande miniatyrsamfunn. Då kom det vel med at mange følgjer ofte kom frå same bygd og grend.
Dei kjende kvarandre, og hadde felles skikk og bruk.

Overfarten vart ofte lang og strevsam. Plassmangel var eit problem. Sjukdom og dårleg ver kunne gjere reisa svært utriveleg.

Ut over 1850 åra vart forholda ombord i dei norske utvandringsskipa stadig verre. Gjennomsnitt overfartstid gjekk heilt ned i 39 dagar i 1860. Dette fordi ein fekk større skip som var skarpare seglarar. Sjølv om reisetida vart kortare, omkom fleire ombord på dei norske skutene. Størst var dødsfalla dei åra utvandringa gjekk i været. Mange skipparar fall nok for freistinga å ta med fleire emigrantar enn forsvarleg var. I 1861 omkom omlag 200 menneske under overfarten.
Dei Kanadiske innvandrings myndigheitene kritiserte forholda i sterke ordlag i 1861-62, og trua med å leggje beslag på norske skuter som hadde for mange passasjerar. Forholda vart ikkje stort betre sidan heller, dersom ein måtte reise på billigaste klasse på dei store dampskipa. Det var det dei fleste utvandrarar gjorde. Det var nok for å spare mest muleg med pengar, som kunne kome vel med sidan.

Seglskutene kunne bruke opp til 3 månedar på ein overfart, dampskipa 12 til 14 dagar.

Reisa var ikkje slutt når utvandrarane gjekk i land i New York eller Quebec. Dei som ønskte seg til Midtvesten, og det var dei fleste, hadde mange hundre norske mil att å reise. Frå New York reiste dei med dampbåt, kanalbåt, og dampbåt igjen. Dei som reiste frå Quebec, reiste og med dampbåt. Reisetida vart mykje kortare i 1856. Då åpna ei direkte toglinje frå Quebec til Detroit.
Emigrant transport var billeg massetransport. Både i New York og Quebec vart det sett opp særskilde tog for utvandrarar.
Desse toga var dårlege og gamaldagse. Dei var tidlegare kvegvogner, og ikkje alltid skikkeleg reingjort.

Frå 1825 til 1930 utvandra omlag 800.000 nordmenn til Amerika. Dei fleste vart verande der, mens nokre kom heim att.
Enkelte møtte berre elende, andre vart skuffa. Men dei fleste fann seg etter kvart til rette i det nye heimlandet sitt.

Då første verdenskrig braut ut, tok utvandringa slutt for ei stund. Krigen utvikla seg til å verte ein nådelaus ubåtkrig på havet.
Dette sette ein brå stopp på utvandringa frå Europa.

Då krigen var over i 1918, var USA forsynt med innvandrarar. Canada derimot, låg åpent for alle som ville prøve lukka.
I 1920 reiste meir enn halvparten av utvandrarane dit. Nokon håpte endå på å kome inn i USA, men frå no måtte det stort sett skje via Canada.

Etter kvart som tida endra seg, kom utvandringa til å bestå av familiane til menn som alt var reist bort og eteblert seg i Amerika.
Med krakket på børsene i 1929, var den store utvandringa til Amerika over, for godt. Sjølv om mange har reist over i tida etter 1930, kom utvandrings tala aldri opp i det dei ein gong var.          

Det var mange årsaker som gjorde at folk valgte å emigrere. Etter den økonomiske krisa i Noreg i 1899, spurte dei norske myndigheitene om grunnen til utvandringa. Mange oppga ingen spesielle årsaker til å dra, mens andre svarte at dei reiste i mangel på lønsamt arbeid her heime.
I hovudsak var det overbefolkninga og alt som fulgte i kjølvatnet av det, som var hovudårsaka til at folk valgte å emigrere. Samtidig veit me oppgangstider i Amerika var med på å trekke folk over.
Når nokon braut opp og reiste, fulgte fleire med. Det var som ein psykose, ein smittsom Amerikafeber.
Det me kan sei med sikkerheit, er at hadde alle dei norske emigrantene valgt å vere heime, ville historia om Noreg vore ei heilt anna.

 

Reisa har starta

Kaien i Eknesvågen 1913

Vågen i Bergen

Bryggen i Bergen ca. 1900

Princes Dock, Hull

Queens Docks, Hull

Newcastle

Riverside Railway Station i Liverpool

Riverside Railway Station i Liverpool

Liverpool Harbour

Bergenfjord og Kristianiafjord på Puddefjorden

Liverpool Harbour

Bergensfjord

Stavangerfjord

Germania

Etruria

Lusitania

Salong på Lisitania

SS Baltic

SS Empress of Ireland

SS Empress of Ireland

SS Germanic

Ellis Island New York

Castle Garden New York

Landing Ellis Island New York

Inne på Castle Garden

Havna i Saint John

Quebec ca 1920

Quebec Lawrence River

new York City Herald Square 1920

Boston Harbour Lighthouse

Boston

Saint John