Kvar vart alle desse av?

Eg har funne i alt ca 35  personar som har utvandra frå Øvre og Nedre Eknes. Det er sikkert fleire.
Nokre av desse var sjømenn som er registrert i same databasane som utvandrarane.
Mesteparten av desse for til Amerika, men nokre få for til andre land.
Det får verte ei anna historie.
Nokre vart verande, mens andre kom heimatt.
Mesteparten kom nok heimatt  på besøk, mens andre kom aldri att.

Reisemåte

Reisa for dei fleste starta nok frå kaien i Eknesvågen.
Så gjekk det kansje ein dag eller to i Bergen for å gjere div. innkjøp o.l.
Nokre tok båten direkte til Amerika, mens andre reiste via andre havner i Europa.
Mange reiste til Hull eller Newcastle og tok tog der i frå til Liverpool, og båt der i frå til Amerika. Her kan du lese litt meir om korleis dei reiste.
 

Diverse opplysningar

Når ein leitar etter personar i databasar over heile verda, møter ein ein del problem.
Engelsk talande land har ikkje æ, ø og å, i sine alfabet.
Namna kan vere skreve feil pga. språkproblemer, eller det kan rett og slett vere skrivefeil.
Det har difor tatt mykje tid å søke på alle tenkelege variantar av førenamn, farsnamn og etternamn.
I og med at eg ikkje veit fødselsdatoen på mestaparten av utvandrarane, er det ikkje sikkert eg får årstalet for ankomst år og alder til å stemme med  fødselsår.
Med dette i tankane har eg prøvd så godt eg kan å finne fram til dei rette personane.

Opplysningane på desse sidene er henta frå:
Digitalarkivet, Ellis Island, Find My Past, Ancestry.com.,
Norway Heritage og bygdefolk.

Her finn de ei liste over dei som reiste.

Sida er under arbeid, så det vil kome til nye etter kvart.
Det er omlag 35 personar som har utvandra til Amerika frå Eknes.

Bileta til høgre på sidene er relatert til den aktuelle personen.

 

Reisa har starta

Kaien i Eknesvågen 1913

Vågen i Bergen

Bryggen i Bergen ca. 1900

Princes Dock, Hull